Personvern og informasjonstrygging

Personvern og informasjonstrygging er viktig for oss og viktig for deg. Me handsamar personopplysningane dine på ein lovleg og sikker måte, i tråd med EU si forordning for personvern, GDPR (General Data Protection Regulation). På denne sida kan du lesa om korleis me gjer dette.

Me innhentar berre personopplysningar gjennom e-post, telefon eller andre system som er relevant og naudsynt for å levere tenestene våre til deg som gjest. Det same prinsippet gjeld for samarbeidspartnarane og leverandørane våre.

 

Me øyremerker oss retten til å senda relevant informasjon til deg via e-post og SMS. Dette vil typisk vera stadfesting av bestilling. 

Me lagrar ikkje kortnummer og annan sensitiv betalingsdata. Betalingsløysingane på nettsidene våre er leverte av ein PCI-verifisert tredjepart der all data er kryptert. Me jobbar kontinuerleg for å oppnå høg trygging for deg som bruker, men me kan ikkje garantere for trygginga vedrørande informasjon du oppgir når du er tilkopla internett.

Me sel aldri personopplysningane dine vidare til andre selskap.

Under kan du lesa korleis vi behandlar personopplysningane dine, og kva rettar du har når det gjeld denne behandlinga.

KVEN KONTROLLERER INFORMASJONEN DIN?


Personopplysningane dine blir kontrollerte av Fitjar Thai Takeaway AS, og det er me som er ansvarleg for at desse er i samsvar med gjeldande personvernslovgjevnad.

Kontaktinformasjon:

Fitjar Thai Takeaway AS
Organisasjonsnummer: 928 017 079
Vestbøstadvegen 84, 5419 Fitjar, Noreg

KVAR LAGRAR VI OPPLYSNINGANE DINE?


Opplysningane me samlar inn om deg blir lagra innan Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (“EØS”), men kan òg overførast til og behandlast i eit land utanfor EØS. Alle slike overføringar av personopplysningar blir utførte i samsvar med gjeldande lovverk.

KVEN HAR TILGANG TIL OPPLYSNINGANE DINE?


Me formidlar, sel eller byter aldri opplysningane dine til tredjepart i høve marknadsføring utanfor selskapet. Opplysningar som blir registrerte hos samarbeidspartnarar, system eller underleverandørar vil berre brukast til å tilby deg tenestene våre.

KVA ER DEN JURIDISKE BAKGRUNNEN FOR HANDSAMING AV PERSONOPPLYSNINGAR?

For kvar spesifikk handsaming av personopplysningar me innhentar frå deg, vil me informera deg om i kva grad innhentinga er lovfesta eller påkravd for å inngå ein kontrakt, og om du er forplikta til å oppgi personopplysningane og kva konsekvensar det kan ha viss du vel å ikkje gjera det.

INFORMASJONSKAPSLAR OG ANALYSEVERKTØY

Ein informasjonskapsel (cookie) er ei lita fil som alle som surfar på internett kan motta frå ulike nettsider dei vitjar, og som vert lagra lokalt på harddisken din. Føremålet er at nettlesaren skal kunna vareta personleg informasjon frå forskjellige vevtenerar på nettet, til dømes identifisering og sporing av brukernavigering.

Google Analytics er ei nettanalyseteneste. Google Analytics bruker cookies for å analysera korleis brukarar nyttar nettstaden. Informasjonen som blir generert av ein slik informasjonskapsel ved bruk av den aktuelle nettstaden, inkludert IP-adressa di, blir send til Google og blir lagra på serverar i USA. Google kan òg overføra denne informasjonen til tredjepartar viss dette blir kravd iht. lov eller i tilfelle der tredjepartar behandlar informasjonen på vegner av Google. Google vil ikkje kopla IP-adressa di med annan informasjon Google har. Me bruker Google Analytics for å analysera bruken av nettsidene då vi får informasjon om kva sider som er mest vitja, kvar brukarane kjem frå, på kva tidspunkt sidene er mest vitja.


KVA RETTAR HAR DU?


Rett til tilgang: Du har til kvar tid rett til å be om informasjon om personopplysningane me tar vare på om deg. Kontakt oss på post@fitjarthai.no for å få tilsendt informasjon om personopplysningane dine.

Rett til overføring: Når me handsamar personopplysningane dine på automatisk vis, på grunnlag av samtykket ditt eller basert på ein avtale, har du rett til å få overført ein kopi av opplysningane i ein strukturert, alminneleg og maskinlesbar stand til deg eller til ein annan part. Dette gjeld berre dei opplysningane du har oppgitt til oss.

 

Rett til korrigering: Du har rett til å be om korrigering av personopplysningane dine dersom dei ikkje er korrekte, og dette inkluderer retten til å utfylla ufullstendige personopplysningar.

 

Rett til sletting: Du har rett til å sletta kva som helst personopplysningar handsama av oss når som helst, bortsett frå i nokre spesielle situasjonar som omhandlar uoppgjord gjeld, dersom gjelda di har vorte selt til ein tredjepart, mistanke om misbruk av tenestene våre eller dersom du har utført kjøp der vi må behalda opplysningar i samband med bokføringsreglane.

 

Rett til å protestera på behandling av personopplysningar på grunnlag av legitime interesser: Du har rett til å protestera på behandlinga av personopplysningane dine når dette er basert på dei legitime interessene til Fitjar Thai Takeaway. Vi vil ikkje fortsetja å handsama personopplysningane dine med mindre vi kan visa til ein legitim grunn for behandlinga som tar presedens over interessene dine og rettar på grunnlag av dei lovfesta rettane våre.

 

Rett til avgrensing: Du har rett til å be oss avgrensa behandlinga av personopplysningane dine i spesielle tilfelle, som protest mot behandling av legitime interesser, dersom opplysningane dine er ukorrekte, dersom behandlinga er ulovleg eller dersom vi ikkje lenger treng opplysningane dine, men må behalda dei for å forsvara lovfesta rettar.

 

KORLEIS KAN DU UTØVA RETTANE DINE?

Dersom du meiner at Fitjar Thai Takeaway har handsama personopplysningane dine på ein måte som ikkje er i tråd med lova, kan du kontakta oss på post@fitjarthai.no. Du har òg rett til å klaga til eit tilsyn.