CATERING
Hos Fitjar Thai kan du sjølv velje dei rettane du ønskjer til bestillinga di. Du bestemmer mengde og samansetning – me lagar maten klar i serveringsbakkar og inkluderer ris og sweet chili saus og/eller peanøttsaus til dei rettane der det passar.
Bestilling av catering gjeld for minimum 10 personar.
Ved reine fingermat-bestillingar er minimum 5 personar.
Slik vel du mat
Du kan sjølv setje saman menyen:
-
Vel fingermat frå menyen vår
-
Vel 1–4 hovudrettar, eller berre fingermat om du ønskjer det
Merk: Nokre rettar kan ha avgrensa kapasitet eller er ikkje mogeleg å lage ved store bestillingar.
Slik deler me opp porsjonane
Talet på porsjonar av kvar rett blir fordelte etter kor mange hovudrettar du vel.
Døme:
Bestilling til 15 personar
• 1 hovudrett → 15 porsjonar
• 2 hovudrettar → ca. 7,5 porsjonar per rett
• 3 hovudrettar → ca. 5 porsjonar per rett
• 4 hovudrettar → ca. 3–4 porsjonar per rett
Dette gjer at alle får smake på alt, utan at det blir for mykje.
Kor mykje mat bør eg bestille?
Det kan vere vanskeleg å vite kor mykje som er passe. Her er nokre tommelfingerreglar:
-
1 hovudrett til kvar person
-
Mykje fingermat = då treng du færre porsjonar hovudrettar
-
Erfaring viser at bestillingar over 200–225 kr per person ofte gir restar til overs
-
Me hjelper deg gjerne med å berekne mengde ut frå type arrangement
Cateringrabatt
Me gir rabatt avhengig av totaltsummen. Rabatten blir trekt frå totalsummen i tilbodet.
Rabattmodell:
-
0–2499 kr: ingen rabatt
-
2500–4999 kr: 5 % rabatt
-
5000–7999 kr: 10 % rabatt
-
8000 kr og oppover: 15 % rabatt
Slik bestiller du
Fyll ut skjemaet under og send oss ein førespurnad, så kjem vi tilbake med forslag og totalpris.
SEND OSS EIN FØRESPURNAD OM CATERING
Me må vurdere kvar cateringbestilling for å sjå om me har høve til å gjennomføre ho.

